Brigadister fra sør, en intervjuserie i fire deler. Del I

Leticia Vásquez de León jobbar med politisk skulering av barn og unge. Ho er bekymra fordi få av dei unge held på urfolksidentiteten.

Kvar haust er Latin-Amerikagruppene vertskap for fire aktivistar frå Colombia og Guatemala. Gjennom ein serie korte intervju vil me presentere deltakarane og nokre av dei erfaringane dei har med seg frå sine organisasjonar. Leticia Vásquez de León er første kvinne ut.


Kva er CUC og kva er organisasjonen sine viktigaste kampsaker?

Nettverket for småbrukarar, eller CUC, er ein guatemalansk organisasjon som samlar kvinner og menn, urfolk og mestisoar, som kjempar for tilgang til jord, arbeidarrettar, lokal utvikling og mot diskriminering på grunnlag av kjønn og etnisk bakgrunn. I sum kjempar me for rettferd og mot eit ekskluderande og undertrykkande system.

Likestilling mellom kjønna er ein utruleg viktig del av dette arbeidet. Me må jobbe for å styrkje kvinner sine rettar slik at dei kan delta på likefot med menn, både i og utanfor CUC.

Ei anna sak eg meiner er sentral er tilgang til jord og utvikling i rurale område. Dette er heilt naudsynt, både for kvinner, bønder og urfolk. Tilgang til eiga jord gjer det mogleg å produsere mat, vere sjølvforsynt og slik frigjere seg frå marknaden. I mitt fylke, Quetzaltenango, kjempar me til dømes mot store produsentar av palmeolje, sukkerrøyr og bananer. Ein alvorleg konsekvens av produksjonen er at elver flyttar seg eller at vassføringa i desse elvene minkar, noko som gjer det vanskelegare for småbønder å produsere maten dei treng.

Leticia kjem frå fylket Quetzaltenango sør-vest i Guatemala og har lang fartstid frå CUC. Ho studerer juss og er særleg oppteken av barn sine rettar. Difor har Leticia gjennom fleire år jobba med barn og unge i alderen 5 til 18 år.

Du arbeider med politisk skulering av barn og unge, kvifor er dette arbeidet viktig?

Me jobbar med å bevisstgjere barn og unge om utfordringane me har i lokalsamfunnet og arbeidet som CUC gjer. I tillegg meiner eg at det er utruleg viktig å snakke om vårt etniske opphav i skulen. Eg er sjølv quiché, ei av urfolksgruppene i Guatemala, men for inntil nokre år sidan hadde eg reflektert lite over betydninga av dette. Bestemora mi snakkar framleis quiché og brukar tradisjonelle kle, men eg var ikkje bevist på dette. Få av oss unge held på kulturen og urfolksidentiteten i regionen min. Difor er det utruleg viktig at me jobbar med å bevisstgjere både lærarar og elevar på dei rettane me har som urfolk, og å undervise barna i språket.


Kvifor reiser du på brigade til Norge?

Eg ser på brigadeopphaldet som ein viktig skuleringsarena som gir oss meir kunnskap, forståing og viktige innspel til arbeidet i Guatemala. Og ikkje minst er det viktig å bygge vidare på det internasjonale solidaritetsarbeidet. Under opphaldet i Norge ønskjer eg å formidle bondeorganisasjonane sin kamp og den kriminaliseringa me blir utsett for i Guatemala.

Tekst: Jørdi Losnegård

Foto: Vegard Skogås Fristad

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *