Brigadister fra sør, en intervjuserie i fire deler. Del II

Dioneider Carrascal Santiago: “Solidaritet på tvers av grenser er viktig, me på grasrota må stå saman, og fokusere på dei sakene som samlar oss».

Kvar haust er Latin-Amerikagruppene vertskap for fire aktivistar frå Colombia og Guatemala. Gjennom ein serie korte intervju vil me presentere deltakarane og nokre av dei erfaringane dei har med seg frå sine organisasjonar. Dioneider er bonde og student frå Norte de Santander, nord i Colombia Norte de Santander, Colombia.

Kven er CNA og kva er dykkar viktigaste kampsaker?

Det colombianske nettverket for småbønder, eller CNA, er ein organisasjon som samlar bondeorganisasjonar frå alle delar av landet. Ei av våre viktigaste kampsaker er å gjere bonden til eit rettssubjekt. Dette er viktig fordi småbønder er ein viktig del av det colombianske samfunnet, og me vil sikre dei særlege rettar. I tillegg jobbar me med å utvikle det me kallar områder for agroøkologi, der me fokuserer på produksjon av mat på ein måte som tek omsyn til både menneske og natur. Og så er me sjølvsagt opptekne av fredsarbeid.

Personleg så har eg stor interesse for organisasjonsarbeid. I min region er det vanleg å organisere seg gjennom lokale aksjonsgrupper, som vidare knyter band til andre organisasjonsprosessar på regionalt og nasjonalt nivå. For meg personleg er mobilisering noko av det viktigaste me gjer. Når me mobiliserer hjelp det oss å legg press bak krava våre. I tillegg er institusjonelt arbeid viktig, fordi det opnar rom for politisk deltaking. På denne måten kan me drive spesifikt påverkningsarbeid, til dømes mot lover som er skadelege for oss bønder. For meg som ungdom er det veldig viktig å delta i organisasjonsarbeid, sidan dette gir meg erfaring og etter kvar kanskje også kunnskap til å ta ein leiarrolle i prosessane me jobbar med.

Kvifor reiser du på brigade til Norge?

På den eine sida ønskjer eg å formidle arbeidet me gjer i CNA, og særleg fredsarbeidet. Me vil gjerne snakke om de pågåande implementeringa av fredsavtalen frå Havana som vart underskriven av regjeringa og Dei revolusjonære væpna styrkane i Colombia (FARC) i 2016. I tillegg er det også viktig å fokusere på dei pågåande fredsforhandlingane mellom regjeringa og Den nasjonale frigjeringshæren (ELN) i Quito. På den andre sida er eg veldig interessert i å lære meir om korleis de jobbar med organisasjonsarbeid i Norge, og korleis de jobbar for å fremme rettigheiter – og då særleg korleis ein har fremma kvinner sine rettigheiter i Norge.

Kva meiner du personleg, og CNA som organisasjon, om fredsprosessen i Colombia?

For meg er freden ein verktøy, ikkje berre for å gjere slutt på direkte vald, men også for å løyse dei mange strukturelle utfordringane me har i Colombia, slik som tilgang til utdanning, helse og ein bustad. Freden påverkar alt me omgir oss med, det at me kan kjenne oss trygge, at me kan leve verdige liv, at me kan styre våre eigne liv, oppnå sosial rettferd. På den måten ser eg på freden som ein byggekloss som gjer det mogleg å skape eit samfunn som tek omsyn til kvar og ein av innbyggjarane som ein del av eit større fellesskap. Regjeringa prøver å framstille det slik at berre ein skriv under ein fredsavtale så blir det fred, men det er ikkje så enkelt, ein må også løyse dei underliggande problema.

I CNA har me alltid jobba for å skape fred, lenge før forhandlingane i Havanna byrja. Som bondeorganisasjon er det viktig for oss å jobbe på lokalt nivå, med grasrota i lokalsamfunna, i kooperativa og gjennom lokale organisasjonsformer. Det er viktig for oss å ta vare på alt me omgir oss med: naturen, miljøet, vatn, flora og fauna, når me skal bygge fred står desse elementa sentralt.


Tekst: Jørdi Losnegård
Foto: Vegard Skogås Fristad

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *