Brigadister fra sør, en intervjuserie i fire deler. Del III

María Isabel Soc Carrillo er oppteken av mangfaldig kunnskap, kvinnekamp og internasjonal solidaritet

Kvar haust er Latin-Amerikagruppene vertskap for fire aktivistar frå våre samarbeidsorganisasjonar i Colombia og Guatemala. Gjennom ein serie korte intervju vil me presentere deltakarane og nokre av dei erfaringane dei har med seg frå sine organisasjonar. María Isabel representerer den guatemalanske organisasjonen CONAVIGUA.

María Isabel kjem frå fylket Quiche, som grensar til Mexico. Ho har jobba mange år i CONAVIGUA med ulike tema, men likar særleg godt å jobbe med kvinner og ungdom. For tida sitt ho i det nasjonale sekretariatet i organisasjonanen der ho koordinerer arbeidet retta mot vald mot kvinner. I dette intervjuet fortel Maria Isabel om arbeidet sitt i CONAVIGUA og motivasjonen for å reise på brigade.

Kva er dei viktigaste kampsakene til Conavigua?

Det nasjonale nettverket for enker i Guatemala, eller CONAVIGUA, er ein kvinneorganisasjon som oppstod på 1980-talet under den væpna konflikta i landet. Organisasjonen min jobbar med kvinner sine rettar på ulike nivå: i familien, lokalsamfunnet og i samfunnet generelt. Ei særleg utfordring er kvinner sin kunnskap om og oppfylling av politiske, sosiale og økonomisk rettar. Difor fokuserer me i CONAVIGUA på politisk skulering og informasjonsarbeid knytt til dei rettane kvinner har både gjennom nasjonal og internasjonal lovgiving.

I tillegg jobbar me også med å verne kvinner mot vald i lokalsamfunna. Her jobbar me både med offer for vald i nære relasjonar, kvinner utsett for seksuell vald og politiske og sosiale overgrep. Til dømes jobbar me med psykologisk oppfølging og informasjonsarbeid, slik at kvinner lærer om sine lovfesta rettar og korleis ein kan melde i frå om overgrep. Noko me er stolt over å ha oppnådd er at mange kvinner no brukar rettigheitene sine som verkty i kampen for likestilling og rettferd for Maya-kvinner.

Kva er viktig for deg i kvinnekampen?

Det er viktig å ta utgangspunkt i at kvinner og menn er like, det vil seie at me alle har dei same rettigheitene, og at me skal kunne delta på likefot på alle plan i samfunnet. Diskriminering mot Maya-kvinner er eit samfunnsproblem med bakgrunn i både rasisme, mannssjåvinisme og økonomisk ulikheit. Organisasjonen min jobbar difor for å styrke kvinnelege mennekserettsforkjemparar. Me vil auke kapasiteten deira til å identifisere, dokumenterer og melde frå om brot på menneskerettane til Maya-kvinner. Eg meiner at dette arbeidet er særleg viktig i kvinnekampen i Guatemala.

Kvifor reiser du på brigade til Norge?

Eg trur at brigadeopphaldet vil kunne styrkje det politiske arbeidet mitt i CONAVIGUA. På den eine sida er brigadeopphaldet viktig for meg som enkeltmenneske, og for mi personlege skulering, men det er også viktig at kunnskapen blir vidareformidla og brukt i organisasjonen min, slik at andre kvinner også kan nyte godt av den politiske skuleringa og erfaringane eg får medan eg er i Norge. Eg har stor tru på mangfaldig kunnskap, og at me kan vekse saman dersom me deler kunnskapen me har opparbeida oss i våre spesifikke kontekstar. Difor er det viktig for meg å lære meir om samhald og politisk arbeid, både i LAG, og andre organisasjonar som jobbar i Norge. Eg vil lære om dykkar kampsaker, korleis de arbeider, kva som fungerer og kva utfordingar de møter i dykkar arbeid. Med utgangspunkt i dette kan me analysere og sjå våre eigne kampar i eit nytt lys. For meg handlar denne utvekslinga meir enn noko anna om internasjonal solidaritet.

Tekst: Jørdi Losnegård
Foto: Vegard Skogås Fristad

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *