Brigadister fra sør, en intervjuserie i fire deler. Del IV

Marlyn Martínez Rojas: “Me i CNA kjempar for småbønder sin rett til jord, resursar og matsuverenitet”.

Kvar haust er Latin-Amerikagruppene vertskap for fire aktivistar frå Colombia og Guatemala. Gjennom ein serie korte intervju vil me presentere deltakarane og nokre av dei erfaringane dei har med seg frå sine organisasjonar. Marlyn kjem frå kystfylket Nariño sør-vest i Colombia.

Kva er CNA og kva er dei viktigaste kampsakene dykkar?

Det colombianske nettverket for småbønder, eller CNA, er ein organisasjon som samlar bondeorganisasjonar frå alle delar av landet. Ein av dei sakene me jobbar mykje med er Agroøkologiske jordbruksområder, eller Territorios campesinos agroalimentarios på spansk. Gjennom dette arbeidet vil me forsvare behova til dei rurale samfunna, utvikle matsuverenitet og autonomi, og peike på viktigheita av matproduksjon innanfor utviklinga av ein demokratisk modell. Me har ei heilheitleg forståing av kva eit territorium er. For oss er ikkje berre dette eit stykke jord, men inkluderer også menneska, naturen og dyra som held til der. For oss er det difor viktig å verne naturen mot eksterne inngrep slik som industriell gruvedrift. Me ønskjer i tillegg ei alternativ økonomisk utvikling som gjer det mogleg for menneska å leve verdige liv. Fokus ligg difor på matsuverenitet, naturvern og vern om sosiale relasjonar og bondekulturen.

Kva meiner du er dei viktigaste elementa i småbønder sin kamp?

Tilgang til jord har stått sentralt for småbønder sin kamp i Colombia. I CNA fokuserer me difor på å gi småbønder som gruppe særlege rettar gjennom grunnlova. Dette kan minne om dei rettane urfolk har i mange land, slik som i Norge til dømes. Spesielt viktig er det å gi bønder rett til jord og resursar, rett til helse, rett til ei utdanning som er relevant for eit liv på bygda, verdige arbeidsforhold og tilgang til god og sunn mat – i sum, eit verdig liv. Dei agroøkologiske jordbruksområdene er ein del av denne kampen.

Kvifor reiser du på brigade til Norge?

Eg ønskjer å lære meir om korleis ein jobbar politisk og organisatorisk i Norge. Eit viktig mål er å kunne utveksle erfaringar, og ta med det eg lærer heim att til CNA. I tillegg til å gi oss som reiser politisk skulering og utvikle evner til å leie framtidige prosessar i CNA, kan kanskje dette styrkje våre eigne organisatoriske prosessar. I Norge er eg særleg interessert i å lære meir om korleis de forvaltar naturresursar, korleis ein tek omsyn til naturen og korleis ein jobbar med jordbruk, både når det gjeld dyrking, foredling og sal.

Tekst: Jørdi Losnegård
Foto: Vegard Skogås Fristad

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *