Chile ser raudt

Chichichi lelele VIVA CHILE! Brølet kjem frå eit butikkvindauge. Han er ein meter, 20 kilo, og 100 prosent patriot. Og heile gata svarar: Chichichi lelele VIVA CHILE. Eduardo Vargas har skåra Chile sitt første mål mot Spania i fotball-VM.

 For tida er det tre ting som er særleg populære tema i den offentlege diskusjonen her i Chile: abort, marihuana og la Roja. Politikken derimot, står det dårlegare til med. Ein rapport frå CEPAL, FN sin økonomiske kommisjon for Latin-Amerika, viste nyleg at ein svært høg del av chilenarar ikkje ser politiske beslutningar som relevante for sitt daglegliv. At politikk er ein eliteaktivitet er ikkje unikt for Chile, men når det gjeld konsentrasjon av økonomisk og politisk makt på få hender er Chile verkeleg i verdstoppen. Ei undersøking frå Universidad de Chile viser at 0,01 prosent av chilenarane grev til seg 10 prosent av dei samla inntektene i landet. Eg gjentar; 0,01 prosent av chilenarane. Til samanlikning tek dei 1 prosent rikaste i USA rundt 21 prosent av inntektene. Rapporten frå CEPAL konkluderer med at dei økonomiske og politiske forskjellane forsterkar kvarandre, og då er det klart at denne ekstreme konsentrasjonen av økonomisk makt er svært alvorleg for demokratiet i Chile.

På 70-talet var Chile flinkaste eleven i klassen og innførte nyliberalistiske reformer som perler på ei snor. Så flinke var teknokratane at landet i dag er blitt ein nyliberalistisk draum; med andre ord, marknaden er svært nøgd. Den auka sosiale mobiliseringa dei siste åra derimot, er eit tydeleg teikn på at dette ikkje er tilfellet hjå folk flest.

Jamfør gini-indeksen er Chile eit av landa i verda med størst forskjellar mellom folk, og dette vert spegla i det svært segregerte samfunnet. Den sosiale klassen du kjem frå avgjer kva verd du lev i, alt frå kva nabolag du bur i til korleis du ordlegg deg. Alle jobbar for seg og sitt, i eit ultraindividualistisk samfunn, der solidariteten kun blir henta fram ved nasjonale katastrofar som jordskjelv og skogbrannar. Men, det er ein ting som alltid samlar Chile, nemleg landslaget i fotball, eller la Roja, som det heiter her. Når la Roja entrar stadion er det ikkje lenger nokon forskjellar mellom chilenarane. Alle chilenarar pustar i takt, og alle dreg i same retning. La Roja må vinne.

 Den allereie nemnde rapporten frå CEPAL føreslår mange botemiddel for den alvorlege mistilliten til politikken og dei demokratiske institusjonane som rapporten dokumenterer. Ein av desse inkluderer å sette ein politisk agenda som tek tak i dei sosiale krava, og som føreslår løysingar på nokre av dei mest alvorlege problema ein står ovanfor i kvardagen. Regjeringa, som er ny av året, Bachelet-administrasjon 2.0, har gjort eit forsøk på dette når den fremjar tre grunnleggande reformer i utdanning, skatt og av grunnlova. I denne samanhengen dukkar det opp fleire spørsmål. Korleis skal ein gå fram for å la desse reformene bli ein legitim representasjon av folket sine krav når det er svært tydlege at dei folkevalde representerer folket på ein svært dårleg måte? Og korleis skal ein sørgje for ei aktiv deltaking der heile folket får vere med på å utforme samfunnsendringane, slik at det ikkje endå ein gong endar med kosmetiske justeringar kontrollert av den same, gamle, politiske eliten?

Chile har ei stor utfordring på det politiske plan. Ein må skape eit demokratisk, deltakande system som får alle chilenarar til å dra i same retning, og minst like entusiastisk som eg har sett folk etter fotballkampen i dag. Det vi-et la Roja lagar må bli ein del av politikken. Chile må sjå raudt også i kongressen og i regjeringskorridorane, men vegen dit er lang.

Toppfoto: CL Society 343: Chile 1 Spain 0 av Francisco Osorio under Creative Commons.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *