Framleis spent etter salvadoransk valthriller

Etter at den andre valomgangen i presidentvalet gav venstrepartiet FMLN eit fleirtal på berre 6634 røyster, har det vore politisk unntakstilstand i El Salvador. Nederlaget sende høgrepartiet ARENA ut i ein destabiliseringskampanje som har skapt amper stemning i det mellomamerikanske landet.

 Politisk fotofinish

Etter at vallokala stengde sundag kveld, blei det snart klart at valet kom til å bli meir spanande enn mange hadde rekna med. Då røystene frå fyrste valomgang 2. februar var talde opp, var FMLN og presidentkandidaten Salvador Sánchez Céren berre eit par tusen røyster frå 50 %, noko som hadde gjort ein ny valomgang unødvendig. Dei fleste rekna difor med at FMLN kom til å vinne den neste runden, der presidentkandidaten frå ARENA, Norman Quijano, var einaste motstandar, utan problem.

Men mens stadig fleire valdistrikt sendte inn resultatet frå sine oppteljingar, blei det etter kvart klart at kampen om den politiske kursen i El Salvador ville bli avgjort på fotofinish. Då 76 % av røystene var talde opp, leda Quijano med 0.16 % over kandidaten frå «El Frente», som FMLN gjerne blir kalla av eigne sympatisørar. Trass i manglende grunnlag, erklærte Quijano og ARENA at dei hadde vunne presidentvalet. Då alle røystene var talde opp, visste det seg likevel at Quijano hadde jubla for tidleg. Den neste presidenten i El Salvador heiter Salvador Sánchez Céren.

Vilje til kaos

ARENA sine støttespelarar såg ikkje kampen som tapt, trass i alle forsikringar frå valrådet om at ei finteljing ville gi same resultat. Allereie sundag kveld gjekk Norman Quijano, saman med parlamentarikarar frå høgresiden, ut og skulda valrådet for å jobbe for FMLN. Quijano gjekk sågar fleire skritt lengre då han på Twitter ba hæren om å rykke inn for å sikre at demokratiet overlevde i El Salvador. Eit slikt utsegn framstår ekstremt, og det treff ein ømfintleg nerve i El Salvador, kor hæren sine overgrep under borgarkrigen mellom 1980 og 1992 framleis sit friskt i minne.

normanogoae

«Idag møtte jeg observatører fra OAS for å utveksle meninger om valgprosessen.» Foto: Twitter

Mens valrådet samla seg for å gjere ei finteljing av resultat, mobiliserte ARENA for å få støttespelarane ut i gatene. I løpet av dei siste dagane har demonstrasjonane samla tusenvis ute i gatene. Målet med protestane har variert, nokre har bedt om ein finteljing, andre om at ein skal halde eit nytt val. Frå det internasjonale samfunnet har beskjeden vore svært tydeleg; Valet blei halde på ein rettferdig og transparent måte, og alle parter må respektere resultatet. Dette er kommunisert både frå FN, OAS og dei internasjonale observatørane til stades i El Salvador. Hæren gjorde det klart, gjennom ein pressekonferanse på onsdag,  at det var uaktuelt å gripe inn i eit demokratisk val.

Den salvadoranske hæren avviser at de vil gripe inn. Foto: Twitter

Den salvadoranske hæren avviser at de vil gripe inn. Foto: Twitter

Fortsatt spent stemning

Torsdag morgon norsk tid gjorde valrådet seg ferdig med finteljinga, noko som bekrefta at FMLN hadde vunne det som viste seg å vere eit av dei jamnaste vala i nyare latinamerikansk historie. Ettersom både hæren og internasjonale organisasjonar har avvist at dei kjem til å gripe inn, står høgresida igjen ved eit vegskilje. Skal dei akseptere nederlaget og jobbe med den nye presidenten, eller fortsette kampanjen for å destabilisere det politiske systemet? ARENA er, trass nederlaget, det største partiet i det salvadoranske parlamentet og dei spelar difor ein avgjerande rolle i salvadoransk politikk uansett kven som er president. Intensiteten og brutaliteten i skuldingane frå ARENA, og det faktum at dei kjem med nye skuldingar mot dei politiske institusjonane, tyder på at kampen kan bli langvarig.

I El Salvador, som var eit diktatur i full borgarkrig for berre 30 år sidan, er kvar roleg valdag ein siger for demokratiet. At FMLN får ein ny presidentperiode, er ein stor siger for latinamerikansk venstreside. Samstundes har hendingane den siste veka vist at trugselen mot demokratiet ikkje kjem frå venstre, men frå høgrekrefter som heller ser til hæren enn til folket, når landet si politiske framtid skal avgjerast.

Tekst: Peder Østebø, tidligere El Salvador-brigadist og aktivist i LAG.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *