Holebuarar og ytringsfridom

«Eg veit ikkje om eg kunne ha vore venner med ein slik ein, ein veit jo aldri kva dei kan finne på». Det var første date, og eg viste allereie at det var over. Skikkeleg irriterande at han skulle seie noko slikt, tenkte eg den gong; fin var han og. Daten min snakka om homofile. Året var 2011, og staden Santiago de Chile.

«Det var på tide å dra nasen ut av bibelen, ta eit skritt bort frå barbariet og ei nytt eit mot sivilisasjonen»

 Mannen som fekk meg til å tenkje tilbake på denne daten, no fleire år etterpå, heiter Mario Vargas Llosa. Det er ikkje ofte eg kan seie meg einig med den erkekonservative peruanske nobelprisvinnaren, men av og til treff samfunnskritikken hans så uendeleg godt. Og anledninga? Jo, det peruanske biskoprådet hadde nett samla seg til diskusjon og blitt einige om at homofilt ekteskap både var naturstridig og kunne føre til uoppretteleg skade for heile samfunnet. Tull, meinte Vargas Llosa, og kalla dei hissige biskopane holebuarar. Det var på tide å dra nasen ut av bibelen, ta eit skritt bort frå barbariet og ei nytt eit mot sivilisasjonen, propaganderte Vargas Llosa. Holebuarane svara sjølvsagt på denne provokasjonen, og la ned krav om ytringsfridom. Peru er eit land der ein kan seie det ein meiner, ingen nobelprisvinnar skulle kunne legge lok på det, freste biskopane. Og slik fortsette diskusjonen. Gnistane flyr framleis mellom dei som støttar partnarskapsrettar for homofile, og dei som meiner slike aktivitetar kan føre til uoppretteleg skade. Eg for min del støttar biskopane sitt krav om ytringsfridom, noko Vargas Llosa også ivrar for til eit kvart høve; men likevel kan eg ikkje la vere å spørje meg om ikkje ytringane til den peruanske kyrkja har ein viss risiko for å medføre uoppretteleg skade dei også.

Men lat oss vende attende til Chile. Berre for nokre få år sidan, då eg besøkte dette landet for første gong, var det heilt vanleg å høyre bekymra kommentarar knytt til homofile. Desse homofile var ikkje til å stole på, og barn kunne ein i alle fall ikkje la dei komme nærme, meinte mange eg snakka med då. No skal ein ikkje sette seg på sin høge hest og hevde, om ein skal bruke Vargas Llosa sine ord, at Noreg er så mykje meir sivilisert enn våre to søramerikanske land, men det er likevel spesielt å høyre vaksne, oppegåande menneske kalle homofile unormale og farlege, eller hevde at dei kan forgripe seg på barn.

«På mange måtar vart [Daniel Zamudio] Chile sin Benjamin Hermansen.»

 Eg er no tilbake i Chile, og det kjennest på mange måtar som om noko har skjedd i løpet av desse åra. Kva det var som fekk chilenarane til å tenkje seg om veit eg ikkje, men eg har ein mistanke. I 2011 vart ein ung gut, Daniel Zamudio heitte han, slått bevisstlaus utanfor ein nattklubb midt i Santiago. Han døydde av skadane. På mange måtar vart han Chile sin Benjamin Hermansen. Slik eg ser det, endra homofilidiskusjonen seg med denne guten – det var kanskje først no ein tok på alvor den sosiale diskrimineringa homofile som var opne om legninga si vart utsette for. Kanskje var det denne hendinga som snudde vinden, kanskje er den ikkje heilt snudd enno, eg veit ikkje. Ein ting er uansett sikkert, å møte denne tematikken i Chile anno 2014 kjennest heilt annleis ut enn den gjorde for berre tre år sidan.

Ei partnarskapslov, Acuerdo de Vida en Pareja, er no meir eller mindre vedteken i Chile, og i Peru går diskusjonen om ei liknande lov. Lova gir visse rettar til homofile par, spesielt med tanke på arv. Likevel, kanskje noko av det mest oppsiktsvekkande med denne lova, er at den er føreslådd av Chile sin nyleg avtroppa, konservative president Sebastian Piñera. Nokon meiner dette er eit mediastunt frå ein politikar som posisjonerer seg for valet 2017, men poenget er at dette forslaget kjem frå den tradisjonelt verdikonservative høgresida i chilensk politikk. Ein skal vere forsiktig med å spå framtida, men det ser ut til å vere brei politisk einigheit for lovforslaget, og debatten i Chile dreiar seg no om eit mogleg lovforslag som trekk i retning av eit lovfesta kjønnsnøytralt ekteskap. Kven veit, kanskje blir det slik at chilenske lesbiske og homofile par både kan gifte seg og få barn om nokre år?

Men, som sagt, ein skal ikkje prøve å spå framtida. Diskusjonen rundt homofile partnarskap går framleis både i Chile og Peru. Kva rettar homofile par skulle få i framtida, og kor omfattande dei blir veit eg ikkje, men eg håpar beslutningstakarane føl Vargas Llosa sitt råd. Eg håpar dei tek eit skritt bort frå barbariet, sørgjer for eit institusjonalisert rammeverk som tek vare på desse menneska, og legg til rette for at dei også skal kunne leve lukkelege liv både som sambuarar og ektefeller. Berre slik kan ein byrje å betale staten si historiske gjeld, ei gjeld som går så altfor langt tilbake i tid og speglar mange hundre år med rettsleg diskriminering.

Tekst: Jørdi Losnegård. Jørdi er tidligere Mexico-brigadist, og bor nå i Santiago de Chile, hvor hun er studentpraktikant ved den norske ambassaden.

Toppfoto: Familias lanzan campaña por un buen #AVPahora, av Movilh Chile under Creative Commons.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *