Skrikande trong for observatørar til Honduras

For tre dagar sidan vitja naboguten Jeffery meg i observatørhytta, og sa i eit einaste utpust: «Kan eg
få låne ladaren din, og ei militærpatrulje tok nettopp tre karar frå La Flor».

Dei tre karane er dei einaste afrohonduranarane i nabobygda, og er involverte i kampen for jorda her i Zacate Grande. På veg heim frå ein lekjartime måtte dei gå forbi eigendommen til landets rikaste mann, Miguel Facusse, då ei militærpatrulje stoppa, fire soldatar hoppa ut og sa «inn med dykk». Karane fekk ikkje greie på kvifor dei vart arresterte. Dei vart fortalt at dei skulle til fylkessenteret, men brått kjøyrde patrulja ut av vegen, og stoppa ved eit rekeoppdrettsanlegg. Dei slo tå motoren, og den eine soldaten snudde seg og sa: «Her skal me drepe dykk og kaste dykk som mat for rekene. Berre skjeletta vert att, og ingen kan kjenne dykk igjen.»

Velkomen til gjenvunne jord, sone fri for storgodseigarar

Det er ein skrikande trong for internasjonalt nærver i Honduras. Kidnappingar, tortur og drap på medlem av soiale rørsler skjer kvar veke. Og så godt som alle som stikk hovudet ut i motstandskampen har motteke drapstruslar. Desse karane klarte seg. Han eine tok opp telefonen, ringte onkelen sin og sa nummeret på patrulja. Då endra tonen seg litt. Dei vart til slutt kasta i kasjotten, sov på golvet ei natt uten å få mat, drikke eller gå på do. Han som var sjuk vart nekta å ta medisinen sin. Så vart dei tvinga til å skrive under på at dei hadde teke ulovlege rusmiddel, og sleppt fri på morgonen.

Sjølv sit eg med dårleg samvit fordi eg ikkje klarte å bli med til politistasjonen. Eg kunne i alle fall ha hindra at dei måtte skrive under på papiret. Dei som bur her seier at det ikkje skal meir til enn å ha følgje av ein bleiking for at myndigheitene skal oppføre seg annsleis. Då veit dei at overtramp vert rapportert, og er det grovt vert det offentleggjort opprop og avvisingar.

Eg skal ikkje påstå at slike ting skjer kvar dag her i observatørhytta. For det meste går tida roleg forbi, og eg får tid til å skrive, studere, vere med ut i åkeren eller til rekeoppdrettsanlegget, spele gitar og fotball. Og så er det ein del møter, marsjar og konferansar.

Om du har to månader eller tre… eller kanskje meir eller mindre, oppmodar eg til å søke. Ta kontakt med LAG, så får du e-postadressa til meg og dei andre ansvarlege. Og ta ein titt på denne nettsida for meir informasjon.

Tekst og foto: Tore Isungset Støve, hondurasgruppa i LAG og menneskerettsobservatør i Honduras.

3 kommentarer til Skrikande trong for observatørar til Honduras

  1. Jeg har ikke mulighet selv, men har delt!

    Mvh
    Cathrine

  2. Eva Fjellheim sier:

    Som tidligere observatør, dog i Chiapas Mexico, anbefaler jeg på det sterkeste å tilbringe noen måneder ute på oppdrag. En får mulighet til å oppleve menneskers hverdagsliv på nært hold, vise solidaritet og bare med sitt nervær utgjøre en viktig forskjell for menneskerettighetsforkjemeres sikkerhetssituasjon.

  3. Eirin sier:

    LAGs gjester på Globaliseringskonferansen Carlos Amador og Betty Matamoros, begge veldig viktige personer i motstandsbevegelsen i Honduras, sendte en spesiell takk til deg Tore som observatør som risikerer egen sikkerhet for å hindre menneskerettighetsbrudd. Du er tøff!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *