Bestialiteten si historie fortsetter

Røykskyene ligg tungt over åskammen i lyset frå kveldsola, medan vi køyrer mot Dei jordlause sin okkupasjon Edite Xavier, der vi skal halde til dei neste tre vekene. Gjennom røykdisen kan vi skimte veggar av eukalyptus, både fjernt og nært. På vegen passerer vi stadig lastebilar, med fleire vogner fylt med skogar av eukalyptusen. Lastebilane er merka Veracel og Suzano. Der augene våre ikkje blir møtt med veggen av eukalyptus, er det stort sett sukkerplantasjar og beitemarker. Beiter og plantasjar som strekker seg milevis mot horisonten, omslynga av eukalyptusen. Området vi skal bu på har MST, dei jordlause si rørsle, kjempa til seg retten på. Tidlegare var dette jord som tilhøyrde Suzano.

Raudt gull

IMG_0209

Avskoging i Extremo Sul Bahia dei siste 60 åra. Illustratør: Maria Birkeland Olerud

500 år har gått sidan portugisarane først sette sine bein på brasiliansk jord her i Extremo Sul i Bahia. Synet som møtte dei då var heilt anna enn det du møter i dag. Majoriteten av Bahia var dekt av atlantisk regnskog, og her budde mange ulike folkegrupper som Pataxó, Pataxó Hã-Hã-Hãe og Tupinambá. Synet som møtte dei var noko heilt anna enn det du ser i dag, samtidig som dei såg akkurat det same, ressursar og arbeidskraft. Inne blant trekronene strakk det seg eit treslag med raud kjerne, som skulle bli avgjerande for framtida både for nykommarane og dei som allereie budde der. Treet kalla dei pau-brasil – Brasiltreet, som seinare skulle gi namn til heile føderasjonen. Treet som skulle bli starten på eit halvt millenium med grov undertrykking og utnytting av folk og natur i regionen.

Gull og grøne ørkenar – «Liva våre er verdt mindre enn dopapir»

500 år har gått, og no er snart all den atlantiske regnskogen borte, fjell står igjen som opne krater, og ein ny skog er konstruert for å vidareføre tradisjonen for utnytting av tre i regionen. Der Brasiltreet vart brukt som fargestoff og for å dekorere heimane til eliten i Europa, går eukalyptuscellulosen til å tørke den europeiske befolkninga bak.

Då erobrarane tok seg inn i Latin-Amerika for 500 år sidan, var det ikkje berre menneske som erobra dei store landområda, men også plantevekstar. Slik er også eukalyptus ein inntrengar frå utlandet, nærare bestemt Australia. Her i Brasil er den ikkje ein naturleg del av naturen og plantevekstane, men stel næringa og vatnet frå dei dyra og plantene som allereie lever her. Siden eukalyptusen ikkje vekser naturleg i Brasil, har den behov for store mengder sprøytemiddel, som øydelegger livet her. Det forureinar jordsmonn, elvar og grunnvatn, og tar livet av dei mikroorganismane og insekta som er her. Eukalyptusen er brakt inn frå utlandet, berre for å bli brakt ut igjen. Jorda og arbeidskrafta til folket blir utnytta for å skape enda ei råvare som blir nyte utanfor lokalbefolkninga si rekkevidd.

FAO, FN sin organisasjon for ernæring og landbruk, kalla eukalyptus i si tid for ei effektivisering av jordbruket, medan lokalbefolkninga står igjen med tørre åkrar og tørre elver. Jordbruket er ikkje lengre eit middel for å produsere mat til folket, men enda eit verktøy for verda si elite til å akkumulere kapital. Dette er ikkje første gong FAO har hatt innverknad i vestlige utviklingsprosjekt i Latin-Amerika.

 Tapte elver er ikkje eit uvanleg syn i regionen. Fotograf: Espen Iversen

Tapte elver er ikkje eit uvanleg syn i regionen.
Fotograf: Espen Iversen

Før var Bahia ei stor elv, med mange elveløp. Det var skogar. Alle elver vi passerer i dag er uttørka, daude. Vi passerer tidlegare innsjøar som no står i brann. Bahia er tørt. I flammane ligg kapital som stig høgt opp i himmelen og glir ut av landet, over Atlanteren, der den møter dei høge hattane. Tilbake ligg brent jord, kol. Lokalbefolkninga tener ikkje på denne utviklinga, dette er utanlandsk kapital. Skogen brenn, og mellom trea står dei jordlause, etterkomarane av dei rømde afrikanske slavane, folket i qilombolaene, og urfolket stødige. Motstandskampen er stor og sterk, og har røter i jorda, i urskogen og i elvene. Utan desse elementa er dei ingenting.

Kven eig jorda?

Verda kan virke stor og heimlandet fjernt når du reiser gjennom Bahia. Samtidig tilhøyrer ikkje jorda her lokalbefolkninga, men utanlandsk kapital og store godseigarar. Vi er i Bahia, men går likevel på norsk jord. Sjølv om Noreg nødvendigvis ikkje eig landet direkte, har vi store eigardelar i selskapa som gjer det. Vi tenar store pengar på ressursane som eigentleg skulle ha vore tilrettelagt for lokalbefolkninga. Imperialismen lever framleis på høgt nivå, og Noreg er med på å oppretthalde den.

I horisonten møter eukalyptusen den freda atlantiske regnskogen i urfolksbusettinga Mucugê. Pataxófolket som bur der kan fortelje om eukalyptus som et seg lengre og lengre inn på deira område. Fotograf: Espen Iversen

I horisonten møter eukalyptusen den freda atlantiske regnskogen i urfolksbusettinga Mucugê. Pataxófolket som bur der kan fortelje om eukalyptus som et seg lengre og lengre inn på deira område.
Fotograf: Espen Iversen

Røykskyene ligg tungt over Bahia. Gjennom røykdisen skimtar vi eukalyptusplantasjar, sukkerplantasjar, og beitemarker som strekk seg lengre enn auge kan sjå. Åssidene som ein gong i tida var dekt av den atlantiske regnskogen, er i dag knusktørre og bare. Dette er landet som dei jordlause okkuperer, der urfolket tar tilbake jorda dei meiner dei har historisk krav på. Jorda der Edite Xavier no ligger var tidlegare ein eukalyptusplantasje. Snart skal alt delast inn i jordlappar tildelt kvar familie, der det skal dyrkast mat. Ei jord fri for gift, kunstgjødsel og multinasjonale selskap.

Heime lærar vi at imperialismen er over, men landskapet i Bahia viser oss at tilfelle er det motsette. Den norske stat vidareformidlar historia til sin fordel, så vi kan fortsette plyndringa forkledd som investering i utvikling og fredsarbeid. Samtidig driv lokalbefolkninga ei aktiv jordreform, ei aktiv fordeling av jorda som vart stelt frå dei først for 500 år sidan. Jorda som vi framleis stel.

Eukalyptusplantasjane er overalt og uendelege.
Fotograf: Espen Iversen

Tekst: Vilde Gjerde Lied

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *