Krafta i eit språk

Veggmaleri på tzotzil i Oventik. Teksten betyr: - Vi spør Moder Jord, korleis er hjartet ditt? - Ikkje bra. - Vi kjemper for å samle hjartet til Moder Jord

– om kvifor små språk er viktige brikker for ei betre verd.

Kvifor gå på kurs i tsotsil, eit språk snakka av rundt 400.000 i ein sørleg krok av Mexico? Eg kjem aldri til å lære meg tsotsil på eit særleg høgd nivå, og det er i det heile tatt svært avgrensa kor mykje eg rekk å lære av eit heilt ukjent språk i løpet av to veker. Endå større blir avgrensingane når ein i tillegg skal lære eit språk som ikkje er i slekt med eit språk eg kan frå før.

Ein grunn er at urfolk og deira språk og kulturar har blitt systematisk undertrykt. Gjennom århundre har urfolksspråk blitt latterleggjort, diskriminert og forsøkt utrydda. Det er lett å tenke på dette som eit meksikansk problem, langt unna Norge, men rundt i verda finn ein ei rekke eksempel på det same. Også dei samiske språka har blitt forsøkt utrydda. I dag ber mange urfolksspråk, om ikkje alle, med seg ei historie som offer for kolonisering og diskriminering.

For det andre er ikkje språk heilt oversettbare. Innanfor kvart språk ber ein med seg kultur og kunnskap som kanskje kan forklarast på andre språk, men som det ikkje finns oversettbare ord for. Ved å endre språk risikerer ein at kultur og kunnskap går tapt. Tsotsil byggjer på eit anna verdsbilde enn både spansk og norsk. Eit eksempel er eigendomspronomen, som på norsk og spansk viser kva som tilhøyrer kven. Dette fins ikkje på tsotsil. Mangel på eigedomspronomen i språket hintar om ein langt meir fellesskapsorientert kultur enn den dei spanske erobrarane brakte med seg til Mexico, der eigedom var kollektiv i staden for individuell. Eit anna eksempel finn ein i Norge. I dei samiske språka finns det ei rekke ord knytt til reindrift, natur og vêrforhold som det ikkje eksisterer synonyme ord på norsk til. Dersom ein mister dei samiske språka, mistar ein ofte også den kunnskapen om reindrift, natur eller vêrforhold som er knytt opp til ikkje-oversettbare ord og uttrykk.

Å eksistere er å gjere motstand. Urfolkssamfunn i Mexico må heile tida forsvare retten til å bevare språk, kultur og territorier.

For det tredje byggjer språk identitet, noko som er essensielt i kampen for urfolksrettar. Urfolk som mister språket sitt er også mindre sannsynleg å identifisere seg med kulturen og historia til folket sitt. Dette kan også bety at ein føler seg mindre knytt til den kampane urfolk kjemper. Å sette urfolk opp mot kvarandre har vore ein godt brukt strategi for å kunne ta jord og andre naturressursar frå urfolk. Dersom ein sluttar å identifisere seg som for eksempel tsotsil, har ein heller ikkje same tilknyting til verken urfolksspesifikke rettar eller tsotsilfolket si forvaltning av jord og naturressursar. Identitet er viktig for å mobilisere til forsvar for urfolksrettar og etnisk likestilling. Identitet kan bygge opp stoltheit, fellesskap og samhald. Dette er nøkkelfaktorar for å nedkjempe den systematiske undertrykkinga som urfolk møter.

Språk gjer verda rikare og meir mangfaldig. Likevel mister vi språk verda rundt i rekordfart. Eit av verdas rundt 7000 språk døyr ut annakvar veke. I Norge har vi to samiske språk som reknast som særs utrydningstrua, lulesamisk og sørsamisk. Nynorsk har fått vesentleg svekka status dei siste 50 åra som bruksspråk i Norge. Også i Norge går vi i retning mindre språkleg mangfald, med alt dette inneberer av tap av mangfald og kultur. 

Eg bidreg nok ikkje nemneverdig med bevaring av tsotsil ved å ta eit tovekerskurs. Ved å lære (litt) tsotsil ønskjer eg å vise at eg erkjenner at spansk er noko som er påtvunge desse samfunna. Spansk representerer ei kolonihistorie som framleis er øydeleggande for tsotsilsk språk og kultur. Ved å bruke, og å lære, små språk forsøkt utrydda, signaliserar ein viktigheita av språkleg mangfald, i tillegg til at språket bidreg til ei djupare forståing av ein anna samfunn. Små språk er viktige nøklar for lokal avkolonisering.

Av Kai Viljar Eidsvik, solidaritetsbrigadist for Latin-Amerikagruppene i Norge.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *